Servicetilbod

Resepsjon: Der finn du kiosk og enkel butikk. Vi sel enkel fastfood som pommes frites, pølse m/brød og pizza.


Informasjon:
I resepsjonen finn du òg turistinformasjon, brosjyrer og plakatar, og det er berre å spørje om du lurer på noko!

Vaskerom/kjøken:
Gjestane på Gloppen Camping har tilgang til vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel, polletar får du kjøpt i resepsjonen. Det er fri bruk av felleskjøkenet.

Sanitæranlegg:
For dei som bur i hytter uten dusj og toalett, har vi to sanitæranlegg som kan nyttast. Til dusjautomaten brukar du tiarar (10kr).
Sanitæranlegget er tilrettelagt for rullestol.

Leige: Det er moglegheit for leige av sengkle, 100,- per sett

Grilling: På området finn du ein kosleg grillplass, og eit lite grillhus. Ta kontakt med resepsjonen om du ynskjer å bruke grillhytta! I tillegg fins der nokre kulegrillar som kan nyttast.

Tømmestasjon:
På plassen fins det tømmestasjon.

Trådlaust internett:
Vi har eit trådlaust nettverk som dekker heile plassen. Dette gjer det moglig å koble seg opp mot internett med ei bærbar maskin, dette er inkludert i prisen for å bu på campingen.


Aktivitetar på campingen:

Badebasseng: Vi har to oppvarma utendørsbasseng, eitt på 200m2
og eitt barnebasseng på 42m2. Rundt bassenga finn du solsenger og paviljong.
50,- per person for ein heil dag, og 650,- for klippekort med 20 klipp

Strand: Ved sjøen ligg ei fin barnevenleg sandstrand.

Båtutleige: 

Båt med påhengsmotor inkludert bensin: 200 pr time, 500 ,- per dag + bensin

Robåt: 50,- pr time , 300,- pr dag

                 
Trøbil: Vi har også ein liten trøbil til utleige. Den kostar 30 kr for 30 min.


Trampoline: Besøkande på Gloppen Camping kan fritt bruke trampolina.

Grilling: Vi har eigen grillplass, og ei grillhytte

Sal av fiskekort til sju ulike soner i Gloppen!




AKTIVITETAR OG TILBOD I NÆRLEIKEN:

Pilatestrening: http://www.bodhipilates.no/  Telefon: 99 53 06 36

Ønskjer du aktivitertar knytt til fjord, fjell eller kultur, ta kontakt med Hennie Siesling gjennom Gloppen Experience: http://gloppenexperience.com/en/test/

Tennis: Du kan spele tennis på Søreide som ligg omtrent 1,5 km frå campingen.

Sandovolleyball: Det fins to flotte sandvolleyballbaner på Sandane. Den eine ligg på Gloppen Ungdomsskule, den andre på Rygg, og begge er opne for alle.

Innandørs badeanlegg: http://www.trivselshagen.no/

Golf: Sandane Golfpark ligg 1,5km unna campingplassen, der du kan spele på ei 9-hols golfbane. sandanegolf.no

Fiske: Fiske etter innlandsfisk. I Gloppen har vi felles fiskekortordning for innlandsfisk som gjeld for om lag 150 vatn og elvar. I resepsjonen vil du kunne kjøpe fiskekort og få nyttige tips og råd om fiske i kommunen.

Fiske etter laks og sjøaure. Vi har fire lakseførande vassdrag/elvar i Gloppen. Aa/Ommedalselva, Gloppenelva, Straumselva/Hopselva og Ryggjaelva. I dei tre fyrstnemde er det fiskekortsal. Gloppen Camping har to kort for øvre del av Gloppenelva. Olav K. Henden, G-Sport har fire kort. Resten av Gloppenelva er administrert av Gloppen Hotell. For Ommedalselva og Straumselva er det kortsal lokalt i Hyen. gloppen.sportsfiske.nu

Fjord/fjell: Gloppefjord sommarhotell på Vereide arrangerar kajakkturar, lette fjellturar og toppturar faste dagar i veka. Du kan òg bestille andre aktivitetar som kanoturar, dagsturar og 2-dagarstur med kajakk og brevandring. I skogen ovanfor skulen ligg ei hinderløype. Der kan du få arrangert samarbeidsøvingar og teambuildingaktivitetar for bedrifter eller andre grupper. gloppefjord.no

Utleige: Gloppefjord sommarhotell driv utleige av sykkel, kajakk, kano og båt. gloppefjord.no

Hest og riding: Norsk Fjordhestgard ligg like ved Byrkjelo, og tilbyr vanlege ridetimar, dagsturar og rideleir. Tilboda er tilpassa funksjonshemma fjordhestgarden.no. Stall Rygg v/Morten Rygg omtrent 3 km frå campingplassen https://sites.google.com/site/stallrygg/.


Rafting, rappelering, paintball: Jølster Rafting held til i Skei i Jølster, og har rafting i Stardalselva og Jølstra. Både for nybyrjarar, erfarne og familiar. Du kan også prøve elvebrett. Dei tilbyr òg paintball, rappelering og brevanding. jolster-rafting.no

Villmarksleir: Overnatting i hytte eller gammalt sel, fjell/bretur og fiskeopplevingar. Villmarksleir ved Storevatnet i Gjengedalen.  Arrangert av Hyen Natur og Friluft. Tlf 57 86 98 32 eller 975 91 747, Ola-Jan Birkeland. http://hyennaturogfriluft.no/

Naturopplevingar: På bokhandelen i Sandane sentrum kan du kjøpe turkart med 76 teikna turløyper. Gloppen har turar for ein kvar smak, og mange er lett tilgjengelege gjennom skogsvegar med bompengar.



SEVERDIGHETER:


Museum: Nordfjord Folkemuseum ligg i utkanten av Sandane sentrum, og har hovudbygg og flott grønt uteområde, Jølet. Der står over 44 antikvariske hus, mest frå 1700 og 1800-talet, og eit anlegg med vasskraftihistorie. Gratis inngang, og moglegheit for bestilling av omvisning! http://nordfjord.museum.no/

Holevikjekta: Fraktejekt frå 1881 som trafikerte fjordane fram til 1900-talet. Står i eige museumsbygg 2km utanfor Sandane Sentrum. http://nordfjord.museum.no/

Antikvitetar: På Rygg finn du låven med de rare i, Antikk og Rariteter. Nordvestlandets største antikvitetsforretning der du kan gå på oppdagingsferd i fortida. antikk-rariteter.no

Berømt fossefall: Eidsfossen i Gloppenelva med eit fossefall på 33m. Ei av europas lengste laksetrapper.


Utsikten: Fantastisk utsikt over Sandane og Gloppefjorden. Du kan køyre heilt opp, med bomveg på Engeset. Dette er blitt innlemma i prosjektet Trivselsskogen, og er ein fin tur for både voksne og born http://www.trivselsskogen.no/


Verna gardstun: Karnilstunet og Karnilshaugen har den største gravhaugen på vestlandet. Garden ligg på Hauge.

Kykjer: Gamle Gimmestad Kyrkje ligg på Gimmestad, og er frå 1692. Omvisning frå 25.juni - 3.august, man-fre 15.00 - 17.00. Vereide Kyrkje er frå 1100-talet, ligg på Vereide og har også omvisning i sommarmånadane.

Russehola: Under 2.verdskrig vart fire russiske fangar halde skjult i ei hole i fjellet av folk frå Sandane. Dei hadde rømt frå ei tysk fangeleir, og fekk tilbragt mat av bygdefolket.

Gardsmat: Gloppen har fleire produsentar av gardsmat av råstoff frå Gloppen.
Ulike produkt av geit frå Kandal Kjøtt kandalkjott.no
Økologiske urter og krydder frå Devik, Høgt og Vilt. Tlf 57 86 91 73
Råsaft, syltetøy og pølse av ulike slag, alt etter gamal historisk oppskrift få disktriket får du hos Breim Gardsmat.
Tlf 906 29 108
Heimalaga Gombe frå Fjellestad Gardskjøken. Tlf 57 86 53 90

Vereide Kjøtt skjærer, røykjer og produserar ferske, norske og reine kjøtvarer.
Leverer også catering. vereidekjott.no

Handlaga treleikar:
Davia sin butikk ligg i Sandane sentrum. Butikken er full av gåver og bruktgjenstander for små og store.

Arv, handverk frå Nordfjord

 

Kulturminner og severdigheter. Gloppen har mange kjente kulturminner. Sjå Fylkesarkivet

Fleire ti-tals merka turstiar i Gloppen. Infotavler sett opp på sentrale stader i naturen. På bokhandelen i sentrum sel dei turkart for Gloppen. Dette kartet er nytt, knytt opp til infotavlene og turløypemerkingsprosjekt. Turkartet vart kåra til verdas beste turkart på ei stor kartmesse i Bejing i 2001.

Kulturstoff på Gloppen kommune si heimeside